Coanda

Coandainntak

For å unngå uønska deler i røyrgata i form av drivgods (stein og tre mm.) og levande organismar (fisk og ål mm.), så er det nødvendig å bruke ei form for rist eller sil framfor innløpet til røyra.

Tradisjonelt har rister vore plassert under vannspeil framfor innløpet til røyra. Det er ei enkel og i utgangspunktet praktisk løysing, men har og mange ulemper i drift. Rister kan fort tette seg med lau osv. Dei krev jamt vedlikehald for å oppretthalde kraftproduksjonen.

Ei anna løysning som har blitt utvikla for vasskraft er coanda rister. Med denne løysinga renn vatn over ein terskel og deretter over ei finmaska rist som «barberer» vekk hinna av vatn frå hovudvannmassen. Coandainntak vart først tatt i bruk i USA for fleire tiår sidan, og vart for første tatt i bruk i Noreg i 2011 ved Dyrkorn Kraftverk med utstyr levert av Brødrene Dahl.

Endringa ved å skifte frå vatn som renn gjennom ei rist til å renne over ei rist er ganske monumental for både livet i elva og for kraftproduksjonen.

Konseptet er tilnærma vedlikehaldsfritt og veldig skånsamt ovanfor alt liv i elveløpet.

Funksjon

Når vatnet renn over terskelen vil det akselerere nedover ei rist med opningar på typisk 1,5mm breidde. Trådar i rista «høvlar» vekk tynne lag med vatn, og alt som er i vatnet blir liggande oppå rista, resten blir vaska vidare forbi inntaket med resten av vassmassane. Om det blir liggane oppå rista blir det spylt vekk neste gong det er høg vassføring over demningen.

Mange små bekkar blir til saman storelva, så det er overraskande kor stor kapasitet ei samling av små opningar leverer. Ei rist på 1m x 1m slepp inn over 200 liter vatn per sekund. For å auke mengda vatn kan fleire rister monterast ved sidan av kvarandre.

Eit coandainntak vil levere året rundt når det er vatn i elva. Om vinteren dannar det seg ei kåpe av is over rista og vatn fortset å renne inn under islaget. Vår erfaring er at produksjonen er tilnærma 100% av det som er teoretisk mogleg.

Ulemper

Vassmengda som renn over demninga er avhengig av nedbørsmønster. Det vil vere tider når vassføringa i elva blir høgare enn kapasitet til turbinen, og overskottsvatnet renn forbi inntak går «tapt» for produksjonen. Med eit tradisjonelt inntak er det mogleg å regulere vasstanden bak demninga og spare vatn for seinare produksjon, men det er ikkje nødvendigvis heldig for livet i og ved elva at vasstanden i eit vatn eller ein innsjø varierer i stor grad.

Med ei coandainntak er det meir vanskeleg å «demme opp» vatn for regulering, men likevel mogleg å oppnå i mindre grad. Slike tiltak må blir vurdert og godkjent av NVE i kvart einskilde tilfelle.

I område kor det er mykje vekst oppstraums frå demninga kan det hende det oppstår algevekst på ristene etter kvart. Dette kan fjernast veldig enkelt med ein kost, og kan gjennomførast i perioder med låg vassføring i elva.

Om det er veldig mykje erosjon av stein i området og det er mykje sand i vassmassene er det mogleg at rista blir slitt over mange år. Det har blitt erfart i Alpene i Europa, men i Noreg har vi ikkje geologi som fører til slike slitasje.

På grunn av oppbygginga av demninga med at vatn må renne over demninga for å komme gjennom rista, er det typisk slik at det blir 0,3 – 1,2m mindre trykk i vatn som renner til turbinen. For eit høgtrykksanlegg er det ein uvesentleg reduksjon. For eit lågtrykksanlegg kan ein bruke lågare rister for å redusere dette tapet.