Om oss

Tattersall Engineering Norge vart etablerte i Leirvik i Sogn i 2014 og har levert design­tenester for fleire vasskraft­anlegg i heile Noreg.

Firmaet er drifta av Colin Tattersall som er utdanna bygningsingeniør og har jobba både med design og på anlegg i forskjellige land. I 2003, etter tre år som senior structural engineer for eit mobilt selskap i Irland, fekk han tittelen Chartered Engineer.

Colin har jobba med ei rekke forskjellige bygningsformer:
København Metro – betong ‘cut and cover’ tunneldesign.
Bygningsdesign – frå små detaljar til større strukturar.
Mobil infrastruktur – design og kontroll av alt slik som støtte radioutstyr.
Anleggsarbeid med jernbane og T-bane i London.
Veg – design av forskjellige prosjekt på Vestlandet.
Kabelferge – framheving av den elektriske kabelferga til Hisarøyna.
Vasskraft – design av inntak, røyrgate og stasjon.
Coandainntak – 10 års erfaring med anlegg i forskjellige storleikar.
Åleløp – utvikla design av kombinert ålepassasje og fisketrapp utan plast eller bevegeleg delar.

Colin vart invitert til å undervise i fornybar energi for Høgskulen på Vestlandet. Han begynte i 2018 og fortset å undervise i både praktiske og teoretiske tema innanfor fornybar energi kvar haust.

Personvern og informasjonskapslar

Vi er opptekne av å levere kvalitetsløysingar for å bidra til ein betre planet. Vi er ikkje interessert i verken samling eller sal av informasjon om din bruk at denne nettsida, så den einaste informasjonen vi eventuelt vi ha om deg er det du aktivt vel å sende oss på e-post. Den informasjonen vil utelukkande bli brukt til å levere dei tenestene du ønsker.