Mikrokraft

Mikrokraftverk har ei yting på under 100kW.

Det er i dette produksjonsomfanget at det er mest å tene på å produsere for ditt eige forbruk. Du sparer både på produsert straum og på nettleige som du ikkje betalar lengre.

Spesielt i den mindre enden av skalaen er det moglegheit for at det meste av arbeid kan gjennomførast sjølv utan innleigd arbeidskraft. Då er det verkeleg «ditt» prosjekt!

I denne storleiken kan vi tilby både skriving av søknadar for konsesjonsfritak og designtenester. Vi leverer også alle kompontentar du treng for å bygge ditt eige vasskraftanlegg frå inntak til utslepp.

Ta kontakt for å diskutere ditt prosjekt. Fyll gjerne ut skjemaet på kontaktsida for å gi informasjon om ditt prosjekt.